Blåskjerdingen
MiddelsHøyde: 1062 moh
Distanse: 9.3 km
Sted: Vestnes
Kvifor gå denne turen?Blåskjerdingen er ein fjelltopp på grensa mellom kommunane Haram og Vestnes. EIt skar deler toppen i to, i nord ein smal topp på 1069 moh og i sør eit langstrakt platå på 1062 moh.Fjellet ligg nært havet og er berre omgjeve av lågare fjell, og dette gjev ei fantastisk utsikt frå toppen. Utsikta både mot Romsdalen, Nordmøre og Sunnmøre er formidabel!Kvar i terrenget går turen?Start frå Reset og gå til venstre for den markerte kanten av Lilleskjerdingen. Rund Lilleskjerdingen og følg høgre side av dalbotnen innover. Stig så opp til eit platå og hald til høgre mot synleg bekkedal. Følg denne oppover og følg ryggen som leiar opp mot toppryggen til Blåskjerdingen. Følg så ryggen til det store, flate toppartiet. Retur same veg.Ver obs på skavl på toppen.Tilgjengeleg med rullestolNeiKvar startar turen?Frå nord: kjør til Fiksdal og ta av mot Vatne. Hald fram i 7 km til du når det høgste punktet på vegen, Reset, parker på parkeringsplass på venstre side. Frå Sør: ta av på Vatne og følg fylkesveg 147 til Reset.Kvar kan du parkere?Parkering på stor parkeringsplass ved fylkesvegen.(Tekst og bilde hentet fra Møre og Romsdal Fylkeskommune)